Som publikum ser og høyrer vi folka på scena, og er til vanleg svært nøgd med det. Men som med isfjellet - det meste ser vi ikkje.
Mykje innsats og kreativitet føregår i bakgrunnen. Det betyr også at det er bruk for mange personar som kan vera med i laget og
utføra forskjellige meiningsfylte oppgåver til beste for ungdomslaget og lokalsamfunnet. Til dette fellesskapet vil ungdomslaget
invitera fleire folk frå bygda. Det er heilt sikkert noko nett du kan bidra med. Leiaren i ungdomslaget slår gjerne av ein prat og
leiaren finn du på epost: [email protected].
På denne nettsida vil vi prøva å visa litt frå mangfoldet i ungdomslaget. Då må vi starta ein plass og så vonar vi at fleire
personar/funksjonar kjem til etter kvart. Tips, og gjerne tekstar, vert motteke med takk. Bruk gjerne Foto og Videogruppa
sin epost: [email protected].

Lyd og lys.
Vi ser dei ikkje og sjeldan tenkjer vi på dei. Oppe på galleriet
over kinomaskinrommet bak i salen har dei sin plass. Der
kontrollerer dei både lyd og lys under framføringar. Bak sine styrepultar set dei og fylgjer skodespelarane på scena og
gjer sine justeringar på spakane og brytarane. Dei som er
på scena skal både høyrast og sjåast og musikken skal vera
på plass slik som planlagt. Nokre gongar skal lyd-eller lyseffektar leggjast inn nøyaktig på sekundet. Her på nettsida vil vi finna ut
litt meir om korleis dei planlegg, testar og køyrer systemet sitt.
Vi startar med "lydfolka", Svein Gjelsvik og Bent Inge Toppe,
og spør om vi kan få ei enkel forklaring om jobben dei gjer her
oppe på "loftet".
Mykje å ha kontroll med for Bent Inge Toppe og Svein Gjelsvik med lydkontrollen.
Det viktigaste me gjer er å forsyna puplikum med den lyden dei treng for å oppleva tale, song og musikk naturleg. Helst slik at publikum ikkje høyrer lyden frå høgtalarane, men opplever at song og musikk kjem direkte frå utøvarane. Dette høyres enkelt ut for oss, men krev både planlegging på førehand og god kontroll under forestilling. Som publikum har vi nok sett desse "dubbedittane" som skodespelarane er utrusta med - på fagspråket kalla "mygg". Dette er ein mikrofon kopla til ein liten radiosendar som kvar enkelt ber på seg. Signalet vert sendt til kontrollrommet der desse karane kan justera lyden riktig til høgtalarane. Sendarane er utstyrt med batteri og kontroll av desse er ei av oppgåvene før framsyning. På styekontrollen er det merka kven som er bærar av kvar enkelt "mygg". Straks dei forlet scena vert "myggen" kopla ut, og då må ein vera påpasseleg straks dei entrar scena att. Som dette ikkje skulle vera bra nok så har dei også tovegs samband til ein person i nærleiken av scena som kan trå til dersom det skulle oppstå tekniske problem. Ikkje sjeldan er dette ein person som til og med ber lindåsnamnet - Jan Arild Lindaas

.
Men det er ikkje berre gubbane som har kontrollen med
lyden. Ei ung dame er også fullbefaren lydteknikar. Ho
heiter Solveig Hellestveit og har full kontroll på den gode
lyden vi som publikum opplever når ho overtek spakane.
Korleis har det seg at du havna her oppe på galleriet, spør vi,
og forklaringa kjem: Eg ville ikkje vera med på scena og så
likar eg godt å lytta til musikk. Så enkelt var det.
Solveig Hellestveit ved lydkontrollen.

Lyset
Det er meir som foregår i kontrollrommet. Som publikum har vi sett lys på scena med nesten heile fargespekteret. Spotlys på personar og mørke har vi vore vitne til. Også her er det full kontroll når framsyningar går føre seg. Framfor seg har dei ein styrepult som minner litt om lydfolket sin. Her er det mange spakar og brytarar å halda kontroll med. Både lyset frå riggen framføre scena og frå lys montert framfør styrepulten kan styrast herfrå. I dag har eg fått den eine lys-og altmuligmann Bjørn Olav Benjaminsen til å visa meg litt og snakka om deira jobb ved framsyningar. Både engasjement og erfaring ligg bak når han prøver å visa korleis dei arbeider og førehandsprogramerer lyssettinga. Mange detaljar skal stemma når ein eller fleire skodespelarar kjem inn på scena. Sjølv om alt er innøvd, så hender det at den som for eksempel skal ha spotlys på seg når han er komen inn på scena ikkje plasserer seg på rett stad, og då må ein vera rask å justera. Eit detaljert skjema med alle scenesettingar er rettesnora under framsyningar.
Bjørn Olav Benjaminsen ved spakane.
Bjørn Olav Benjaminsen ved spakane.
.
Men - det er ikkje berre Bjørn Olav Benjaminsen, i miljøet
kalla BOB, som arbeider med lyskontrollen. Ei ung dame
med namn Stine Jørgenvik Kolås er fullbefaren lysmester
og styrer mange framsyningar på eiga hand. Stine driv med
andre hobbyar også. Ho er ein ivrig fotograf og dyktig på macrofotografering, m.a.o. ta bilete av dei små ting som
blomar for eksempel. Å fotografera handlar også i stor grad
om lys og etter det ein ser på bileta hennar har ho stor
forståing av lys også i denne samanhengen.
Stine Jørgenvik Kolås framføre lyskontrollen.

I kulissane
Desse personane vi har snakka med hittil finn vi ofte i
Haugatun om kvelden. Det er alltid noko som skal ordnast
med og så likar dei seg så godt her ser det ut for.
No har vi snakka litt om lyd og lys, men du skal ikkje sjå
bort frå at dei same personane dukkar opp att på nytt her
på nettsida der det er heilt andre oppgåver som får litt
merksemd her på nettsida vår.
Jan Arild Lindaas framføre koblingsskapet ved scena.

Musikk
Me ser dei stundom og høyrer dei alltid. Til vanleg er det 4 personar på kvar sine instrument. Men nokre av dei spelar fleire instrument
alt etter kva som trengs. Ofte har dei sin plass i bakkant av scena og lagar den bakgrunnsmusikken som trengs under framsyningar
med gruppe 4. Med musikken sin gjev dei utøvarane både tonen og rytmen og utfører accompagnement for songsolistar. Me har lyst
til å finna ut litt meir om denne gruppa og presentera dei her på sida. Som med fleire andre er dei på plass straks skodespelarane startar med prøvene. Kva som så skjer av førebuingar skal vi prøva å finna litt ut om. Vi spør han som sit ved elpianoet og syntesizeren.
Utan at han titulerer seg som orkesterleiar kan det sjå ut for oss som at det er han som har den samla kontrollen med orkesteret.

Vi spør om han kan gje oss litt informasjon om korleis dei finn fram
til den musikken dei brukar og svaret er omtrent slik. Ofte er det revydeltakarane som kjem med forslag til musikk, og så prøver vi
ut om det passar eller vi sjølv kjem med forslag. Så må vi etter beste
evne prøva å skaffa det vi treng av notemateriell. Dette er ei godt
samspelt gruppe som har halde på lenge. Dei improviserar når det
trengs og klarer truleg ved ein slags "telepati" å gjera endringar
undervegs. Dette kan skje f.eks. når skodespelarane ikkje er klare
og dei må endra/gjera innleiinga lengre.
Me skal starta å presentera dei einskilde utøvarane og har allereie
nemd han som sit ved orgelet, eller kanskje heiter det keyboard i elektronikkens tidsalder. Der sit Øysten Veland. Han har kontroll på
det meste og har også eit anna elektronisk apparat for å få fram
riktige "lydbilete". Det kallast syntesizer. Frå keyboardet kjem ofte
melodien og dei mange vakre accordane som kling så godt i øyra.

Øystein Veland på plass ved sitt keyboard.
Gitaren er vi alle godt kjent med, ofte som accompagnement for
songarar, men i eit slikt "band" vert gitaren også brukt med eigne
soloinnslag - stundom med "flerrande" tonar i eigne improvisasjonar.
Då er gitaren skikkeleg spanande å lytta til. For oss litt uvitande
kan det vera greit å få vita litt meir om gitaren. Stundom heiter den
bass eller bassgitar. Då har den berre 4 tjukke strenger, mens den
vi kjenner best har 6 strenger. Personen på både gitar og bass
heiter Kjell Inge Astrup.

Kjell Inge Astrup med sin bassgitar.
På slagverket sit Bjarte Holmås. Han syter for den gode
rytmelyden både på trommer og cymbaler og det som elles
kan slåast på. Kanskje må me bruka fintittelen på han her på
sida - percusjonist heiter det då. Også slagverkaren slepp av
og til laus med sine improvisasjonar, og då går det livleg for seg.

Bjarte Holmås ved slagverket.
Den siste utøvaren vi skal snakka litt med heiter
Siv Brundtland Eide. Det er ikkje enkelt å fastslå kva
instrument ho spelar. Alt etter kva som trengs er det
slagverk, keyboard, gitar eller zylofon. Dette kunne
vorte eit heilt orkester åleine dersom ho kunne spela
fleire instrument samstundes.
Etter intervjuet med henne i lokalavisa er ho nok allereie
kjent for mange. Ho er samarbeidspartnaren i
Lindås Læringssenter som saman med ungdomslaget
framførte den flotte musikalen "Vår Måte" i Haugatun i
januar 2013.

Siv Brundtland Eide - på dette bilete framføre sitt keyboard.
Framføre scena
I Haugatun ser vi under framsyningar så vidt ein person sitjande framføre scena. Svært anonym er ho med berre litt lys over papira sine. Ikkje snur ho seg og mottek applaus heller. Ho verkar svært konsentrert også. Det er sagt at det kan vera ein mannsperson som set der i staden, men - ingen av oss har sett det enno. No har nok alle skjøna at vi snakkar om suffløren, eller kanskje det heiter suffløsen. Ikkje så godt å vera sikker på riktig ordbruk her. Men, det som er sikkert, er at det er den einaste personen i ungdomslaget som kan presentera seg med fransk tittel. Direkte oversett betyr det å kviskra. Vi har aldri høyrt stemmen hennar under ei framsyning, så det må nok vera noko i det. Men, det er nok best å spørja litt kva ho driv på med under øving og framsyning.
Anita L. Knarvik med peikefingeren på rett plass i manus.
Under prøvane er eg instruktøren sin assistent og noterer meg ting som kan endrast på for å gjera framsyninga betre. Når vi er komne til framsyninga er eg hjelparen til skodespelarane. Det kan nok henda for ein kvar at ein replikk plutseleg er borte frå minne til skodespelaren og då hjelper eg til. Jobben min er å fylgja manuskriptet frå linje til linje både med fingeren og auga, og gjerne liggja ei linje framføre skodespelarane. Det er faktisk ein slitsam jobb som gjer ein bra trøytt når framsyninga er over. Men - kva gjer ein ikkje for LUL! Akkurat ja. Denne dama har fleire oppgåver i laget. Ho sørgjer for det er folk som sel billettar, at det er vakter og at det er ryddefolk på plass etter framsyningar. Og som så mange andre i laget har ho drive på med dette i svært mange år. Namnet hennar er Anita L. Knarvik.
Det er slik skodespelarane ser henne frå scena.
Foto & Video
I Haugatun er det stadig nokre karar om onsdagskveldane som svirrar rundt eller set oppe i kinomaskinrommet og har eit eller anna føre. Stundom stikk dei kamera opp i fjeset på skodespelarane og knipsar i vei. Når det er framsyningar på gong ser du dei både med fotoapparat og videokamera. Då står det ofte ein kar i bakkant av salen med eit videokamera på stativ framføre seg og i tillegg er det ein person som filmar gjennom filmopninga i kinomaskinrommet og så er det ein kar som lurer seg litt fram i salen med fotoapparat og festar bilete til fotobrikka. Denne gjengen er det som i ungdomslaget er kalla Foto & Videogruppa. Vi er få og ynskjer å verta fleire. På bilete ser du Helge som er ein kløppar med både video og redigering.
Helge Kolås med videokamera.
Helge Kolås med videokamera.
Gruppa gjer det meste av jobben sin under-og etter framsyningar. Opptaka må redigerast i eit dataprogram og kan då verta samansett av opptak frå fleire kamera. Når dette er klart kan ein laga dvd plater som dokumenterer framsyninga for ettertida og deltakarane får eit eksemplar som ein vonar er til glede for dei som har vore aktive partar i ei framsyning.
Sjølve plata skal også sjå brukande ut med både høveleg tekst og helst vera litt festleg å sjå på. Som vanleg er det dataprogram og litt fantasi som trengst her.
På bilete ser du Arild. Der går det i både foto, video og redigering.
Arild Mongstad Pedersen.

Foto & Videogruppa påtek seg også å utforma plakatar for framsyningar som gruppene har. Også dette er dataarbeid der gode idear til utsjånad trengs.
Til sist må må vi ta med at nettsida som du no ser på er styrt av Foto & Videogruppa. Det er den karen du ser på bilete som prøver så godt han kan å driva med dette. Han heiter Kolbjørn og driv elles for det meste med kamera. For tida er Kolbjørn kontaktperson for gruppa og dermed også kontaktperson for alle med gode idear til nettsida vår.
Kolbjørn Fosse med kamera.

Kostymer
Først på framsyningane ser vi resultatet alt arbeid desse ivrige damene har lagt ned. Etter det vi kan forstå utfører dei ein jobb som krev innsikt. fantasi og sykunnskap og dei har tydeleg eit skarpt blikk for kva som gjer utslaget for formidlinga av teaterstykket eller revyen. Dette tileignar dei seg ved å lesa litt i manus, snakka med skodespelarane og instruktøren og deretter la eigen fantasi få slå seg litt laus. Eller som dei sjølve utrykkjer det: Ideane kjem flygande! Etter kvart vert det konkrete planar som så må omsetjast i praksis.. Då er det ikkje berre sying, men innkjøp og leiting i kostymelageret etter brukte kostymer som kanskje kan nyttast og omsyast og andre rekvisitter som kanskje kan nyttast og andre rekvisitter om trengs. Ein skulle tru at dei set inne med vitale må på alle som skal ha sitt kostyme når ein stadig ser kor godt alt passar, men slik er det ikkje. Når ein er godt kjent med utøvarane så er det augemålet som trengs.Etter det vi i salen kan sjå har dei eit særs godt utvikla augemål.
Unni Lindaas
På spørsmål om arbeidet vert utført med symaskin eller om det er mykje handarbeid, så får me eit heilt uventa svar. Her vert det sydd i vanleg forstand, men vi brukar både limpistol, borrelås og sikkerhetsnåler. Dette er sagt med litt baktanke trur vi, for det dei ynskjer å sei er at at dei gjerne ser at fleire kjem med som hjelparar i kostymegruppa og at ein ikkje treng å vera sykunnig eller spesielt nøye på alt for å kunna delta. Det er ikkje så viktig korleis det vert laga berre det fungerer for føremålet.
Det som tydeleg skin igjennom er at gruppa trivs i lag og har eit godt tilhøve til dei som etter kvart får ikle seg kostymene og kjenna seg som personen dei spelar.
Skodespelarane fyller rollen sin mykje betre når dei er ikledd dei riktige kostymene. Dette har damene oppdaga for lenge sidan.

Reidunn Fjellanger Fauske
Til vanleg plar vi skriva litt om kvar enkelt person på denne "Usynlege" sida. Her er ikkje det så enkelt, kanskje fordi gruppa er så samansveisa, eller på kostymedamene sitt språk så heiter det truleg "samansydd"., men det som går att er at dei "ein gong i tida" hadde born som deltok i gruppene, og så har dei framleis gleda av å sjå eigne og andre sine born veksa og utvikla seg og ha det kjekt med å delta i ungdomslaget sine aktivitetar.
Elisabeth Kolås
Ikkje så godt å sjå her, men dette er nok deler av kostymet til Trollspill som vart oppført i slutten av 2013.
Marit Hodneland Nordahl
Scenearbeid
Det er
mange oppgåver som må utførast i ungdomslaget. Ei av dei er sjølve
sceneutstyret. Dette skal lagast og stellast med før det kan takast i bruk
under framføringar. Det er her malaren kjem inn i bildet. Dette er ofte
pirkearbeid som krev tolmod. Her har me fanga Liv-Berit Vagstad på eit bilete i
arbeid med maling av ein av delane som skal på scenen ved oppføringa av
Trollspel. Det er utskoren isopor som skal malast i fleire strøk. Denne dama
vert tilkalla når det skal malast. Dette er ein jobb ho har halde på med i
mange år, etter at ho «gjekk av scena». Som hobbymalar og hobbyfotograf ser vi
at ho er dreven i dette faget. Og så er det godt å få kjenna litt på
stemninga i Haugatun når det nærmar seg framføring, seier Liv-Berit.
Liv-Berit Vagstad
Haugatun - dugnad
Haugatun
Samfunnshus har eit husstyre. I dette styret sit personen vi i dag har teke ein
prat med. Vi måtte avbryta han midt i arbeidet med snikring på kjøkenet. Eg
trur det var ei ny påforing på inngongsdøra som måtte skiftast i dag, og han
hadde knapt tid for han som absolutt skulle ha ein prat nettopp i dag midt i
arbeidsøkta. Men, det let seg ordna utan at dette gjekk ut over ein som har
humøret på topp. Som med alle dei andre under fana «Dei usynlege» fekk vi også
eit bilete, slik at dei likevel ikkje er så usynlege lenger!
I ein halv mannsalder har dette vore mannen det går an å ringja til når dugnadsarbeid skal utførast i huset f.eks. når ny kjøkeninnreiing skal monterast eller taket skal skiftast.

Arild Østebøvik