Litt om Lindås Ungdomslag
Samfunnshuset Haugatun
Lindås Ungdomslag er ein av luteigarane i samfunnshuset og brukar huset til alle sine aktivitetar.
På nettsida til samfunnshuset kan du finna meir informasjon om huset og dei andre luteigarane.
Klikk på bilete over.

Lindås Ungdomslag er eit lag som driv med meiningsfullt og målretta arbeid, med det formål å styrke kontakten og samhaldet mellom barn, ungdom og vaksne. Lindås Ungdomslag ønskjer å bidra til å utvikle eit levande og godt lokalmiljø gjennom ulike aktivitetar og arrangement.
På heimesida vår vil me prøva å holda deg oppdatert på kva som skjer i laget vårt. Her vil du kunna finna informasjon om forestillingar, kva som skjer i dei forskjellige gruppene, informasjon om kurs ein kan melda seg på o.s.b. Du kan og finna litt om historia til laget.
Lindås Ungdomslag vart skipa i 1884 og er med det eldste laget på Lindås, og medeigar i Samfunnshuset Haugatun som er vår faste tilhaldsstad.
Ungdomslaget hadde allerede før 1890-åra fått godt fotfeste i bygda. Den tidlegaste styreprotokollen som er funne er frå 1893.
Dei som då sat i styret var lærar Øvretveit som var formann. Nestformann var presten og komponisten Jakob Sletten. Baste Fanebust, Ivar Kårdal og Gudmund Skodvin var også med. Lindås Ungdomslag var i den første tida eit lag for heile kyrkjesokna. Men i 1903 vart ungdomslaget Nybråt skipa på Konglevoll, då vart ein del medlemmer "overflytta" dit.
I styreprotokollen frå 1896 står det ein setning som fortel mykje: "Lagets grunnreglar skal skrivast på landsmål." Ellers var også dei leiande i Ungdomslaget opptekne av opplysningsarbeid. Til festar og tilstellingar av ymse slag kunne det vera fem seks talarar, og på lagsmøta var det foredrag av opplysande karakter. I ein plan over verksemda i laget i 1894 finn vi mellom anna at foredragsemna kunne vera: Amerikas fridomskamp, kyrkjesoge reformasjonen, Noregssoge o.s.b.
På møte skulle det vera opplesing, helst av religiøs karakter, deklamasjon og song, utanom det faste foredraget. Formann i 1935-36 Kolbjørn Fjellanger uttalte at "laget har god oppslutnad, og bladet "Ungdom" fengar dei fleste." I bladet "Ungdom" skreiv ungdomar (i alle aldre) om ting dei var opptekne av. Som ungdomsproblem i krigstida, haldningar til alkohol og liknande, som alltid har oppteke ungdom.
I 1984 feira Lindås Ungdomslag 100-års jubileum og i den forbindelse vart formannen Jan Arild Lindaas intervjua av avisa Nordhordland. Då hadde laget fått konkurranse med mange andre aktivitetar i bygda. "Nett no er det ikkje den store aktiviteten i laget. Vi kan ikkje stikka under ein stol at idretten er vorten ein hard konkurrent til ungdomslagsarbeidet, fortel Jan Arild"

ÆRESMEDLEMMAR
2009: Audhild Fosse
2009: Vigdis Åsgard
2008: Svein Gjelsvik
2007: Bjørn Olav Benjaminsen
2003: Jan Arild Lindaas
INNSATSPRISAR
2009: Mona Renathe Toppe
2008: Anita Knarvik
2007: Øystein Veland
2007: Siv Brundtland Eide
2007: Øystein Aven
2006: Marit Nordahl
2006: Heidi Vabø
2006: Siri Waage
2006: Tove Langøy
2006: Rita Fanebust
2005: Helga S. Hellestveit
2005: Tor Halvor Halvorsen
2005: Beate Fjellanger
2004: Hildegunn Vabø
2004: Hallvard Sjurseth
2003: Bjørn Olav Benjaminsen
2003: Svein Gjelsvik
2003: Ingrid Aven
2009: Audhild Fosse
2009: Vigdis Åsgard
2008: Svein Gjelsvik
2007: Bjørn Olav Benjaminsen
2003: Jan Arild Lindaas
INNSATSPRISAR
2009: Mona Renathe Toppe
2008: Anita Knarvik
2007: Øystein Veland
2007: Siv Brundtland Eide
2007: Øystein Aven
2006: Marit Nordahl
2006: Heidi Vabø
2006: Siri Waage
2006: Tove Langøy
2006: Rita Fanebust
2005: Helga S. Hellestveit
2005: Tor Halvor Halvorsen
2005: Beate Fjellanger
2004: Hildegunn Vabø
2004: Hallvard Sjurseth
2003: Bjørn Olav Benjaminsen
2003: Svein Gjelsvik
2003: Ingrid Aven