Gruppe 4
Kontaktperson for gruppe 4 er Jan Arild Lindaas.
I gruppe 4 er det berre vaksne medlemer. Ofte rekrutterer ein medlemer frå dei som ved riktig alder forlet gruppe 3.
I 2013 har vi oppført musikalen "Vår Måte" i Haugatun i slutten av januar. Dette var eit samarbeidsprosjekt med Lindås Læringssenter.
Bjørn Olav Benjaminsen hadde sett saman eit breidt utval av songar som spente over ein stor tidsepoke. Bjørn Olav stod også for instruksjon. Scena var oppbygd for å fungera som eit amfi for dei forskjellige songnumra som hadde eit varierande antal songarar og
solistar. Ei blikkfang var det store gjøkuret som hadde ein sentral plass under delar av framsyninga.
Musikalen var ein sucsess som fekk brei omtale i lokalavisene. Ein biletkavalkade frå musikalen ligg på nettsida under Tilbakeblikk, og
ein DVD med profesjonelt trykk er laga frå framsyninga.
Vi er kome til slutten av mai og 17.mai-revyen har gått av stabelen. Instruktør for denne var Tor Halvor Halvorsen. Lokalavisene var til stades og viste litt av framsyninga med bilete. Likeeins var Foto & Videogruppa på plass og filma og tok bilete. Dvd frå framsyninga er til redigering og kjem om ikkje så lenge. Ein del foto er allerede på plass under Tilbakeblikk. Enno er det ikkje ferie i gruppe 4. Gruppa har starta med innøving av neste framsyning. Plakaten ser du på framsida under Nytt.

H U R R R R A!
Om få dagar er det 17.mai og festframsyning i Haugatun.
Bilete av aktørane i årets 17.mai revy nedanfor.

Prøvane på Trollspill pågår. |
|