Kva er Hela i taket.
Kort fortalt er dette ein møteplass for danseglade menneske frå bygdene i Nordhordland og endå litt vidare. Dette er ein plass der både unge og gamle møtes. Einslege og par finn seg til rette her både med ein svingom, litt prat over kaffikoppen der det alltid er noko attåt – ja til og med heimelaga smågodt kan finnast på bordet her.
Musikken er det til vanleg Odd Idar Bjørsvik, Jorunn Sætran, Alf Kålås og Liv Berit Vagstad som sørgjer for. Nokre gongar er det andre andre som stiller opp i tillegg.
Det heile er organisert av Astrid Spjeldnes og Gjertrud Fanebust som saman med 8 dugnadslag vekslar om å få kvart arrangement på plass.
Det er berre å stilla opp på Haugatun. Her er det parkering og lett å finna fram. Kjem du riksvegen frå sør er det berre å ta til venstre i første kryss etter tunnellen, deretter til høgre. Kjør 100m og første kryss til venstre. Då er du nesten på parkeringsplassen ved Haugatun. Kjem du frå Austrheim kan du enklast kjøra til du ser tunnelopninga og deretter til høgre og neste til venstre.
Vel møtt!

"Hela i taket". Tidspunkt er alltid: 18.00 - 21.30.
For 2014 er det dans fyljande sundagskveldar:
19.jan. 23.febr. 23.mars
27.april 25.mai 15.juni
21.sept. 19.okt. 23.nov
28.des.